Plakat Oslo Spektrum
Oppgåvebrief
Du skal utvikle et visuelt konsept for arrangementer i Oslo Spektrum og vise hvordan dette brukes til tre ulike arrangementer på hver sin plakat
Om løysinga
Eit informasjonsfelt i anten topp eller botn er gjennomgåande på alle plakatar, og inneheld informasjon som billettprisar, salsinformasjon og kontaktinformasjon.
Oslo Spektrum-logoen er delt opp i fire kvadrantar, og ein kvadrant vert nytta på kvar plakat. Dette gjer at dersom ein ønskjer og har mogleiken til det, kan fire plakatar hengjast opp på ein slik måte at dei dannar heile rundellen seg i mellom. Likevel fungerer plakatane godt åleine.
Arrangementstittel, undertittel og dato+stad for arrangementet skal vera i same font, som er emnebetont ut etter kva arrangement det er snakk om.
Bakgrunnsfargen til plakaten er henta ut ifrå biletet. Er det ikkje nytta bilete, skal ein velje ein farge som passar til den type arrangement plakaten handlar om.
Sidan eg gjer eit poeng utav å nytte alle fire kvadrantane, har eg laga ein ekstra plakat i tillegg til dei i oppgåva for å vise fram konseptet skikkeleg.




