Metallica LP-boks
Oppgåvebrief
Du står fritt til å velge et grafisk designprosjekt for trykte medium som du skal beskrive, utvikle og gjennomføre til en presentasjonsskisse i høy kvalitet.
Du velger selv et prosjekt du har lyst til å jobbe med og noe du mener er godt egnet til å vise dine beste egenskaper og ferdigheter som designer.
Om løysinga
Metallica er 35 år i 2016, og mi oppgåve går ut på å lage ein samlepakke som består av alle studioalbum bandet har gjeve ut, eit jubileumshefte som fortel historia til bandet og andre småting som kan passe.
Oppgåva vil kombinere emballasjedesign, strategisk design og redaksjonell design. Difor meiner eg det er ei god oppgåve for å vise at eg behersker fleire aspekt ved grafisk design.
Det skal gis ut 3500 eksemplar (100 for kvart år), der dei 35 første er signerte av medlemma i bandet.
Oppgåva skal innehalde
- Samleboks for alt innhald
- Ni jubileumsomslag rundt LP-ane
- Minst ei valfri kontaktflate (plekter, plakat eller liknande)
Samleboksen gav eg namnet «The Thing That Should Not Be». Metallica har det som vane å namngje videoar og liknande som dei gir ut etter sine songtitlar, og eg meiner denne tittelen passar boksen godt. Ingen av medlemmane hadde sett føre seg den suksessen dei har hatt, og Metallica og deira karriere er difor «The Thing That Should Not Be».





