A Song of Ice and Fire
Oppgåvebrief
Formgje ei bokserie på minst tre bind. Omslag må ha forfattar, tittel og forlagslogo på framsida; forfattar, tittel og forlagslogo på rygg; ein kort baksidetekst, EAN-kode, ISBN-nummer og forlagslogo på bakside; informasjon om forfattaren samt foto av forfattar på klaffane.
Om løysinga
Eg har vald å formgje dei tre første bøkene i serien A Song of Ice and Fire av George R. R. Martin. Sidan bok nummer tre i serien er gjeve ut i to delar, har eg vald å formgje til saman fire bind.

Omslaga har ein illustrasjon av symbolet til fire forskjellige familiar i serien. Historia legg stor vekt på forhold mellom familiar og bruken av desse symbola på banner, så det er noko som symboliserer serien godt.

Fargen på symbolet er teke frå fargen til bannera familiane nyttar i serien, og vert gjenteke på permen. Kanten på omslaget får òg denne fargen, så det «fortsett» over til permen.

På permen er symbolet i svart, med tittel på bok og forfattar i svart på ryggen. All anna tekst er teke vekk. Forsatsen er på svart papir, med symbolet printa på med 50% svart, som gir eit subtilt preg.
