Gjøvik

Oppgåvebrief

Dere skal utvikle en strategisk plattform for Gjøvik, med en visjon og verdier. Dere må undersøke nåværende posisjon i markedet, bestemme målgrupper og gjerne benytte personas i prosessen. Det skal utvikles en visuell identitet i tråd med den strategiske plattformen. Denne skal implementeres på kontaktflater; grunnelementer, visittkort, folder, nettside, banner og applikasjonsikon.

Om løysinga

Som ein av tre etablerte mjøsbyar – Lillehammer, Hamar og Gjøvik – måtte vi finne ut kva som skiljer Gjøvik frå dei to andre. Vi visste at både Hamar og Lillehammer ofte vert assosiert med «vintersport» grunna deira rolle i Lillehammer-OL 1994, men Gjøvik dett litt utanfor denne assosiasjonen. Vi tenkte så mot sommarane og utvikla eit konsept som baserer seg på natur, landskap og kjensla rundt Gjøvik og innlandet på sommaren.

Grunna det flate landskapet på innlandet beveger solstrålane seg lenger langs jorda utan å verta fanga opp av fjell som på kysten. Dette resulterer ofte i eit spektakulært lys på himmelen. Ut frå dette utvikla vi ein gradient som etterlignar fargane ved ein soloppgang på innlandet som vi bruker som eit dominerande element gjennom heile den visuelle profilen. Dette gjorde vi fordi soloppgangar kan representere så mangt. Det kan representere liv, håp, ein ny dag med nye mogleikar og den lyse framtid. Dette meiner vi speglar Gjøvik perfekt.

Gjøvik
Utsida av brosjyre
Gjøvik
Innsida av brosjyre
Gjøvik
Kontorrekvisita
Gjøvik
Visittkort
Gjøvik
Banner i miljø
Gjøvik
Tenkt landingsside, nettstad
Gjøvik
Nettstad

Tre tilfeldige prosjekt