Center for Cyber and Information Security

Center for Cyber and Information Security (CCIS) ved Høgskulen i Gjøvik / NTNU Gjøvik hadde ein logo, men ingen grafisk profil som byggja opp under deira identitet.

Eg og Sebastian Engkrog tok utgangspunkt i logoen deira og utvikla ein gjennomgåande grafisk profil, som inkluderte visittkort, brevmal, powerpointpresentasjon og nettstad. Det vart utvikla ein designmanual for organisasjonen slik at alle dei tilsette fekk innblikk i korleis organisasjonen skulle profilera seg.

Profilen har tre markante kjenneteikn: Myriad Pro vert nytta som hovudfont i logoen, i alle trykksaker og på nettstaden, fargane er lett gjenkjennbare og i kombinasjon med ei skrå linje som skil fargane frå kvarandre er det lett å sjå om noko tilhøyrer CCIS.

CCIS Visittkort
CCIS Visittkort
CCIS Stationery
Designmanual, visittkort og brevmal
CCIS Nettstad
Nettstaden på forskjellige skjermstorleikar

Tre tilfeldige prosjekt