Gudbrandsdølen Dagningen
Oppgåvebrief
Yngre avislesere forventer i stadig større grad tilgjengelighet av innhold på sine mobile enheter og velger dermed bort papirbaserte medier. Vi eksisterer i en hverdag hvor leserne stadig bombarderes av innhold fra ulike avsendere i ulike kanaler og lesernes oppmerkshomhet blir stadig vanskeligere å fange. I dette landskapet behøver GD en løsning for bedre å nå de leserne som foretrekker å konsumere innhold på mobile plattformer.
Om løysinga
Vi valde tidleg å designe for smarttelefon i staden for nettbrett, då brukarundersøkingar synte at fleirtalet av brukarane ikkje eigde nettbrett – og dei som gjorde det brukte det heller sjeldan i forhold til smarttelefonen, mykje sidan telefonen alltid har tilgang på mobilnett.
Toppen er i den tradisjonelle blåfarga som Gudbrandsdølen Dagningen nyttar på både sin nettutgåve og papirutgåve. Resten av applikasjonen nyttar berre svart, kvit og gråtonar som fargepalett.
Knappar er store og tydelege nok, slik at dei skal vera enkle å behandle for alle typer brukarar. Det er òg viktig at applikasjonen kan nyttast «på farta» – til/frå skule, jobb og liknande.


Scenarier
Vi har arbeidd med to ulike persona, og laga to scenarier tilpassa desse. Raude felt simulerer trykk.
Lisa Moldalen
Lisa Moldalen er opprinneleg frå Otta, men skal heim ei veke på ferie. Ho ønskjer å finne ut kva som skjer i Otta denne veka, og nyttar arrangementssøket på GD-appen til dette.



Knut Ingebirtsen
Knut Ingebirtsen er student i Lillehammer, og er på skitur på Hafjell skisenter. Der har det skjedd ei ulykke, og han ønskjer å tipse avisa om det som skjer. GD-appen har ein innebygd tipsfunksjon der han kan laste opp bilete eller video, skrive ein liten tekst og dele med redaksjonen kvar han befinn seg.



