Collett – eit nettmagasin om modige damer

Oppgåvebrief

Sosialt magasinkonsept om modige damer på liten skjerm.
Dere skal utvikle et sosialt konsept som…
…engasjerer brukere til å delta
…engasjement som fremmer nysgjerrighet, læring og innsikt
…inviterer leseren til å bidra med å bygge artikler/innhold
Det skal være et magasin som er…
…nysgjerrig, utforskende og innsiktsfull inspirasjon
…tabloid / lett tilgjengelig
…tøft og modig
Magasinet skal handle om damer som…
…er modige, dyktige og/eller engasjerte
…er nysgjerrige, ærlige og delevillige om egne tanker
…er stoler på seg selv og egne valg
…har jobber/hobbyer som menn tradisjonelt har «eiet»

Om løysinga

Løysinga vår er magasinet «Collett». Vi valde namnet Collett fordi namnet er godt kjend blant det norske folk frå Camilla Collett, ei kjend forfattar som arbeidde mykje for kvinnesaka. Ho var ikkje redd for å sei si meining og for å være litt «kontroversiell» i samfunnet, og det ønskjer vi at Collett skal speile igjen.

Collett - Et nettmagasin om modige damer
Topp av forside, artikkelvisning på forside og diskusjonsvisning på forside.

Hos Collett kan alle lage ein brukar for å delta med sine reaksjonar i eit «kommentarfelt» på bunn av artiklar. Det same kommentarfeltet vert spegla i ein eigen diskusjonstråd på dedikerte diskusjonssider, slik at det går an å fortsetje debatten der utan å måtte gå tilbake til artikkelen kvar gong. Brukarane vert laga anonymt, for å sikre ein fri debatt og at ingen føler seg «knebla» av å måtte stå frem med fullt namn.

Collett - Et nettmagasin om modige damer
I arkivet kan ein søkje i alle artiklar, og spesifisere etter dato, emneknagg og forfattarnamn.

Artiklane skal vera av ein viss dybde, og omhandlar gjerne kontroversielle og vanskelege tema. For å bidra til auka debatt, er det eit mål at dei fleste artiklane avsluttar med eit ope spørsmål før reaksjonsfeltet som brukarane kan svare med si meining om.

Collett - Et nettmagasin om modige damer
Tittel og ingress, bilettekst og brødtekst, samt eit spørsmål til slutt.

Det er òg ope for å sende inn eigenskrivne artiklar til magasinet, som då redaksjonen vil gå gjennom og godkjenne før dei vert publiserte. Dette bidreg til at brukarane føler dei har ein påverknad på innhaldet i Collett.

Collett - Et nettmagasin om modige damer
Reaksjonsfeltet i botnen av artikkelen. Svar er markerte med raud strek og (her) @TorErik.

Tre tilfeldige prosjekt