Digitale medium

Når ein lagar eit design for skjerm er det viktig å tenkje på lesbar­heten. I forhold til papir må skrift­storleiken og linje­avstanden opp for å gi god lesbarhet på alle flater.
Designet må ta ei rekkje hensyn med tanke på folk med forskjellig syn, motorikk og liknande. Derfor har mine arbeid vorte utvikla med universell utforming i tankane.
Skjermar varierar mykje i storleik – frå ein liten mobil­telefon til store PC-skjermar eller TV-ar. Derfor kodar eg nettstader responsivt, så dei kan tilpassa seg etter formatet.

Trykte medium

Utdanninga mi i Mediedesign ved NTNU i Gjøvik legg stor vekt på tradisjonell typografi. Alt frå skrift­storleik og linje­avstand til papir­typer og trykke­metoder er pensum.
Typografi er eit reiskap for å hjelpe folk med å forstå det som står – samstundes som det kan bidra til å pirre lesaren til å verta meir interessert i det han ser.
Fargestyring er ein viktig del av design­prosessen når ein designar for trykk. Ulike subtrat og trykke­metodar gjev ulike fargar, og dette må ein ta høgde for i designet.

Profilering

Alle bedrifter treng ein logo, men for å styrke merke­varen til bedrifta treng ein noko meir. Ein treng ein identitet. Den vil bidra til at bedrifta vert lettare kjent igjen overalt.
Logoen i seg sjølv er ein viktig del av identiteten til ei bedrift, men vel så viktig kan val av skrift­type og fargar vera. Ein bedrift kan bli kjent igjen gjennom fargar og skrift åleine.
Med ein sterk identitet som viser igjen i alle aspekt i bedrifta, bidreg det til ein proffare fram­toning og ein samanheng i alt bedrifta foretek seg – både internt og eksternt.

Essay

Studiet mitt var lagt opp med ei god blanding av praktiske prosjekt og skriving av akademiske tekstar. Gjennom tre år skreiv eg ni essay i forskjellige emner.
Dei essaya som ligg her er uendra frå då dei vart leverte inn. Eg ser sjølv ei god utvikling i skrivestil og eigen forståing for korleis ein skal skrive gode akademiske tekstar.
Temaa som vert skrevne om i dei forskjellige essaya har vore med på å utvida mitt syn på kva som er godt og dårleg design, og korleis ein bør tenkje som ein designar.

Om designaren

Designaren. Foto: Martine Sandberg
Foto: Martine Sandberg

Hei! Eg heiter Håvard Hvoslef Kvalnes, og er fødd og oppvaksen på Stord i Hordaland.

Lidenskapen min for design har røter tilbake til barneskulen, men slo først skikkeleg gjennom då eg byrja ved Høgskulen i Gjøvik på mediedesignlinja i 2013.

På denne sida finn du eit utval av prosjekt som eg gjorde i løpet av mi studietid. Dei fleste er prosjekt i regi av høgskulen, medan nokon er kommersielle oppdrag.

Som du gjerne har lagt merke til, er eg ein ivrig brukar av nynorsk som skriftmål. Dette gjer eg fordi det er nynorsk eg vaks opp med og det fell meg mest naturleg å skriva.

På fritida er eg interessert i det meste som har med sport å gjera, særskild fotball. Eg trenar karate fleire gongar i veka, og er glad i skiturar på fjellet dersom forholda ligg til rette for det.

Last ned CV (.pdf)